I år er vi tre kunstnere som stiller ut på Hareidsstemna. I tillegg til meg møter dere Kristine Hareide og Rita Slotterøy som maler. Jeg stiller også med årets stemnegave som er preget av kystkulturen som vi har på Hareidlandet. Båten har gitt oss muligheter til å sette våre spor på så mange måter. Utstillingsperiode: 14.-21 oktober 2017.
Utstillingen er betraktet av Aud Marit Sofie Wigg:
“Når vi går inn i ei utstilling, så er det ikkje berre dei fysiske roma vi trer inn i. Vi trer også inn i
kunstnarane sine rom. Og det slår meg kvar gong kor tøffe kunstnarane eigentleg er. For det er jo ei
slags blottlegging av seg sjølv dei held på med. Bilde som tidlegare berre vart betrakta av kunstnaren
sjølv vert no tilgjengeleg for både kjende og ukjende som tek steget over dørstokken og inn i
kunstnaren sitt rom.
… (tekst om Rita og Kristina sine bilder er tatt bort.)
Bente sine rom ser vi det rå, grå og brutale i kombinasjon med florlette sommarfuglvinger og dansande småjenter. Her er lys og mørke i kraftfulle kombinasjonar.
Det er tre svært ulike uttrykk som er representert her i dag. Tre dyktige kvinner som viser sine ulike
rom. Det er spenstig å skulle kombinere alle desse uttrykka og dei ulike formata i ei og same
utstilling, og ein står i fare for å få eit rotete og ustrukturert resultat. Dette er ikkje tilfelle i det vi ser
rundt oss her no. Eg vil rose utstillarane for måten dei har sett saman bilda på. Kvart bilde har kome
til sin rett, samtidig er det ein fin harmoni mellom bilda som gjev ei heilskapleg utstilling.
Takk til Kristine, Rita og Bente for at vi med denne utstilling har fått kome inn i roma dykkar, og eg vil
ønske til lykke med ei flott stemneutstilling. “